Våre tenester

Sikringsskap og eltavler

At sikringa går er teikn på at noko er feil i det elektriske anlegget. Me kan hjelpa deg å trygga bustaden din mot brann og farleg støt.

Ein av fire bustadbrannar i Noreg kjem av feil i det elektriske anlegget. Som bustadeigar er det du som har ansvaret for at det elektriske anlegget er i stand etter forskriftene. Når «straumen går» kjem det av feil i kretsen eller utstyret som er tilknytta.

Må finne årsaka
Det er alltid ei årsak til at sikringa går. Det kan vera risikabelt å berre skifta sikring og sette på straumen igjen utan å finna ut kva som er det underliggjande problemet. Årsaka kan vera feil i anlegget, som jordfeil, overbelastning eller kortslutning. Det kan føra til at leidningane vert  varme og brann kan oppstå.

Viss straumen går eller det er lenge sidan du har tatt ein sjekk på det elektriske anlegget heime, kan Leirvik Elektro ta ein sjekk og auka straumkapasiteten viss nødvendig.

el-installasjon Leirvik Elektro
Prosjektering Leirvik Elektro

Internkontroll

Me sørger for internkontroll av det elektriske anlegget i bedrifta di.

Viss du rår over næringseigedom, er du underlagt internkontrollforskrifta. Han inneber at du har eit system for dokumentasjon og vedlikehald av eigedommen. Mellom anna skal brann og nødlysanlegg blir kontrollert årleg. I nokre anlegg er det òg krav om termografering.

Leirvik Elektro kan ta oss av heile denne jobben for deg. Me har komplette løysingar for kontroll og utbetring av avvik. På denne måten kan du vera trygg på at internkontrollen blir ivaretatt på ein trygg og god måte.

Elektrikar

Me hjelper deg med alt det elektriske heime.

Behovet vårt for elektrisitet blir stadig endra. Me hjelper deg med å halda huset ditt oppdatert. Vi kan setja inn fleire stikkontaktar, auka kapasiteten på det elektriske anlegget, skifta sikringsskap, installera lys, varma, styringssystem og alt anna du måtte trenga.

Det er berre autoriserte elektroinstallatørar som har lov til å utføra elektrisk arbeid i heimen din. Elektrikarane våre har brei kompetanse og dekker alle tenester som du har behov for i ein privat installasjon. Ring Leirvik Elektro i dag, så skal me hjelpa deg!

El-installasjon Leirvik Elektro
el-installasjon Leirvik Elektro

Serviceoppdrag

Eit straumbrot i bedrifta kan kosta deg dyrt. Me sikrar deg mot kostbar driftsstans.

Kva vil konsekvensane vera av eit straumbrot i bedrifta di? Betalingsterminalar som ikkje verker? Nullstilling av kassaapparat? Tap av data? Svikt i det elektriske kan bli svært kostbar.

Me tar på oss alle typar oppdrag for næringsverksemder. Alle oppdrag blir utførte med dokumentasjon. Me tar oss av anlegget ditt og utbetrar feil før systemet sviktar. Vi utfører alt frå små servicejobbar til prosjektering og komplekse installeringar.

Ring Leirvik Elektro i dag, så sørger me for at alt det elektriske fungerer i verksemda di.