Me leverer trygge og moderne installasjonar til privatpersonar og bedrifter i Sunnhordland.
Våre tenester
-
Trygg og effektiv billading heime
Med eigen ladestasjon heime kan du lade bilen raskare og tryggare. Ladestasjonen vert installert med eigen kurs frå sikringsskapet. Dette gjer installasjonen tryggare ved at ein unngår overbelastning.
Leirvik Elektro tilbyr komplette ladeanlegg for små og store behov. Me sørger for rett kapasitet og trygg installasjon, slik at du alltid kan lade bilen utan bekymringar.
Ynskjer du råd om elbillading eller at me kjem på synfaring?
Ta kontakt med oss i dag - me finn den beste løysinga for deg!
-
Sikringsskap – installasjonens “hjarte”
Sikringsskapet er hjarta i den elektriske installasjonen. Her blir straumen fordelt til dei ulike kursane i huset. Sikringsskapet er viktig for å beskytte mot overbelastning og feil i det elektriske anlegget. Eit moderne anlegg gjer installasjonen tryggare og reduserer fare for brann og straumskadar.
Me i Leirvik Elektro sikrar fagleg og forskriftsmessig oppgradering eller nyinstallasjon av sikringsskap. Treng du ein gjennomgang, ta kontakt!
-
Nybygg – trygg elektroinstallasjon frå starten
Når du byggjer nytt, er det viktig med god planlegging. Leirvik Elektro sørger for at alt frå sikringsskap, stikkontaktar og lys blir skreddarsydd etter dine behov. Me leverer smarte og energieffektive løysingar som gir tryggleik og komfort i heimen.
Vel du Leirvik Elektro til nybygget, får du kvalitet frå start til slutt.
-
Serviceoppdrag – påliteleg vedlikehald
Leirvik Elektro tilbyr små og store serviceoppdrag for eksisterande el- anlegg.
Me kan tilby rask og effektiv service både til bustadhus og næringsbygg, anten du treng reparasjonar, rehabilitering eller generelt vedlikehald.
At installasjonen fungerer optimalt og følgjer gjeldande forskrifter, er viktig. Våre erfarne fagfolk er klare til å hjelpe.
-
Næringsbygg – enkle elektriske løysingar for bedrifter
Leirvik Elektro tilbyr praktiske og kostnadseffektive løysingar for næringsbygg. Vårt mål er å vere ein samarbeidspartnar du kan stole på, som leverer pålitelege og enkle løysingar for di bedrift. Me handterer installasjon, vedlikehald og oppgradering av elektriske system, tilpassa dykkar behov.
Kontakt oss for profesjonell og effektiv service for ditt næringsbygg.
-
Smarthus – framtidas komfort og kontroll
Med smarthusteknologi kan du enkelt styre lys, varme, eventuelt overvakingskamera og andre system via mobil eller nettbrett, anten du er heime eller på farten.
Våre løysingar gjer kvardagen enklare og du kan spare straum. Frå enkel styring av lys og varme, til meir avanserte system. Me tilpassar løysingane etter dine behov og ynskje.
Kontakt Leirvik Elektro for å oppgradere til ein heim med løysingar som gir både komfort og kontroll.
-
Elkontroll
Ein brannførebyggjande elkontroll bidrar til å redusere risikoen for brann og andre farar.
Våre fagfolk gjennomfører ein grundig inspeksjon av heile installasjonen, og gjer deg ein detaljert rapport som gir råd om det som eventuelt treng å bli utbetra.
Regelmessig elkontroll reduserer risiko, men kan og gi lågare forsikringskostnader. Hos oss kan du vere trygg på at du får topp kvalitet og kompetanse i alle ledd av arbeidet.
Leirvik Elektro er NEMKO-sertifisert og gjennomfører elkontroll i samsvar med NEK 405.