Belysning
Ulike aktivitetar krev ulik lysstyrke. Ved å tenka heilskapleg på belysning i bustaden din, vil du spara straum og auka komforten.
For å få ein funksjonell heim, må det vera mogleg å få tilstrekkeleg lys til synskrevande oppgåver som matlaging, lesing, PC-jobbing, handarbeid og husvask. I tillegg er det både lønnsamt og stemningsskapande å ha moglegheit til å dimma ned lyset
Nye lyskjelder
Ved å velja energieffektive lyskjelder, kan du redusera straumforbruket til lys med 80 prosent. Det finst no mange smarte lyskjelder på marknaden. LED-pærene bruker til dømes ein brøkdel av energien tradisjonelle lyspærer treng for å gi same lysstyrke. Dei har dessutan svært lang levetid. Nye armaturar med energieffektive lysrøyr er ein annan smart måte å få rikeleg med lys på utan å bruka mykje straum. Me kan hjelpa deg med å velja riktige pærer, armaturar og røyr som er formålstenlege i bustaden din.
Lekker design
I tillegg til å setja bustaden din i betre lys, kan belysninga i seg sjølv gi lekre detaljar til interiøret ditt. I dag finst det mykje spennande design på marknaden. Lysbrytarar blir levert i alle moglege fargar og materialar – slik kan du matcha og skapa kontrastar. Lysbrytarar kan òg leverast trådlause, slik at du plasserer dei der det passar deg best.
Straumsparande lysstyring
I dag finst det mange smarte lysstyringssystem. Med eit slikt system får du full kontroll over
belysninga. Du kan skifta lyssetting mellom t.d. arbeids- og hyggelys med eit enkelt klikk. Samtidig sørger du for at lys ikkje står på i tomme rom.
Korleis akkurat bustaden din bør lyssetjast, er avhengig av arkitekturen i huset, interiør og kva for funksjonar romma har. Leirvik Elektro gir deg råd om belysning og skreddarsyr løysingar som set huset ditt i godt lys!