Leirvik Elektro AS er ei elektroinstallasjonsbedrift lokalisert på Heiane i Stord Kommune.  Leirvik Elektro er ein totalleverandør av små og mellomstore  elektroinstallasjonar til bustader, fritidsbustader og næringsbygg. Dette inkluderer og svakstraumsinstallasjonar.

Ahlsell Partner
Me er Ahlsell Partner, ein samanslutning av elektroentreprenørar som ynskjer å verna sin eigen identitet og samtidig ha eit fellesskap med eit av Norges største selskap i bransjen.

Kvalitet og nøgde kundar
Kvalitet skal vera eit naturleg produkt av alt arbeid som vert utført av Leirvik Elektro. I arbeid med prosjektering, installasjon og dokumentasjon, vil god kommunikasjon med oppdragsgjevar vera ein viktig del av jobben. Forutan lovar og reglar, er ein nøgd kunde det viktigaste for oss.

Helse, miljø og tryggleik
Tryggleik på arbeidsplassen er ein viktig trivselsfaktor. Arbeidet med å ha ein trygg og triveleg arbeidsplass, er ein prosess som går heile tida internt i bedrifta. Me trur og håpar dette arbeidet vil ha positiv ringverknad på dei me møte i kvardagen. Når det gjeld miljø-forureining, har me gode haldningar og lovpålagte rutinar for ulike aktivitetar.

Lokal fagkunnskap
Leirvik Elektro har kunnskap og erfaring nok til å gi gode råd innan straum og spenning. Me ynskjer å vera ein lokal støttespelar med interesse for det marknaden etterspør. Anten det gjeld tiltak for å redusera straumrekninga, luka vekk ein jordfeil eller to. Eventuelt større og meir komplekse problemstillingar.

Ta kontakt!
Ta kontakt med oss i dag, og me hjelper deg med å gjera heimen eller arbeidsplassen din til ein trivelegare, tryggare og meir funksjonell stad å vera.

Godkjenningar

Leirvik Elektro innehar dei nødvendige godkjenningar for å kunne ta på seg dei fleste typar elektrikaroppdrag.

Nelfo
Elektroinstallatør gruppe L

Elkontroll
Nemko godkjent. Nek405 Bolig og næring

NKOM – Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet
Registrert ekominstallatør på nkom.no

DSB 
Godkjent fagleg bedrift innan prosjektering, utførelse og vedlikehald av el-anlegg.

Godkjent lærebedrift
Me er godkjente bedrift for lærlingar.

Ahlsell Partner
Me er ein del av det største samarbeidskonseptet i landet for elektroentreprenører.