Om oss

Leirvik Elektro AS er ei elektroinstallasjonsbedrift lokalisert i byen Leirvik i Stord Kommune. På folkemunne kalla "Vikjo". Leirvik Elektro er ein totalleverandør av små og mellomstore elektroinstallasjonar til bustader, fritidsbustader og næringsbygg. Dette inkluderer og svakstraumsinstallasjonar.

Kvalitet og nøgde kundar
Kvalitet skal vera eit naturleg produkt av alt arbeid som vert utført av Leirvik Elektro. I arbeid med prosjektering, installasjon og dokumentasjon, vil god kommunikasjon med oppdragsgjevar vera ein viktig del av jobben. Forutan lovar og reglar, er ein nøgd kunde det viktigaste for oss

Helse, miljø og tryggleik
Tryggleik på arbeidsplassen er ein viktig trivselsfaktor. Arbeidet med å ha ein trygg og triveleg arbeidsplass, er ein prosess som går heile tida internt i bedrifta. Me trur og håpar dette arbeidet vil ha positiv ringverknad på dei me møter i kvardagen. Når det gjeld miljø-forureining, har me gode haldningar og lovpålagte rutinar for ulike aktivitetar

Lokal fagkunnskap
Leirvik Elektro har kunnskap og erfaring nok til å gi gode råd innan straum og spenning. Me ynskjer å vera ein lokal støttespelar med interesse for det marknaden etterspør. Anten det gjeld tiltak for å redusere straumrekninga, luke vekk ein jordfeil eller to. Eventuelt større og meir komplekse problemstillingar.

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.