Det blir stadig meir attraktivt å ta i bruk solceller som energikjelde
Det er ingen tvil om at solstraum frå solceller er den meste miljøvennlege forma for energi du kan nytta i heimen din. Nettopp det gjer at denne energien blir sett på av mange som varmen i framtida.

Null utslepp
Hytteeigarar som har avgrensa eller ingen tilgang på annan straum har lenge vorte redda av solenergien frå solcellepanel, men det er verd å merka seg at det skjer ei stor positiv utvikling innan industrien som gjer at me burde vurdera å nytta denne teknologien i andre samanhengar òg.

Framtida ser rett og slett lysare ut med solenergi. Han har jo null utslepp og heller ingen støy. Dessutan kan han monterast på bygningar, som medfører at han verken treng å okkupera store landareal som til dømes dyrkbar mark.

Enova støttar
I dag er det fleire som kastar seg på trenden. Mellom anna dei som bur i såkalla lågenergibustader, og ikkje har like høgt straumforbruk.

Førebels er nok dette mest miljømessig motivert. For sjølv om prisane på solceller sidan 2009 grovt sett har vorte halvert takka vera stor satsing frå solcelle fabrikker internasjonalt, spesielt i Kina, så er teknologien framleis ikkje lønnsamt i seg sjølv.

Men, det er lys i tunnelen. I dag er det nemleg mogleg å søka støtte frå #Enova slik at reknestykket blir langt meir positivt.

Skap ei lysare framtid
Med dagens teknologi kan me klara å redusera energibruken utan å mista komfort. Dette gjer at mange har stor tru på solenergi som varmen i framtida.

Vil du vera med på å skapa ei lysare framtid, ta gjerne kontakt med oss i dag for å diskutera med oss kva du kan gjera for å nytta deg meir av fornybar solenergi – slik at du i større grad kan unngå energikjelder som skader miljøet.