Gjer desse enkle grepa og vips så får du ein mykje meir behageleg og hyggeleg atmosfære heime
Belysning har meir å seia for trivselen enn mange av oss er klar over. Det handlar nemleg ikkje berre om å ha nok lys, det bør òg lysa opp på rett måte og på dei rette plassane. Me har samla nokre små tips som kan hjelpa deg å velja rett belysning i bustaden din.

Stove
I stova er tv-en dominerande og den set derfor premissane for belysninga. Her vil taklamper vera lite vanskeleg sidan dei lett kan forstyrra tv-tittingen. Vel derfor heller mange små spottar med dimmar. Det kan òg vera lurt med nokre leselamper der det kan vera aktuelt å lesa, strikka eller den slags. Tenk dessutan på å belysa forsiktig bak tv-en slik at tv-tittingen blir meir komfortabel for auga.

Kjøkken
Dette rommet skal det jobbast i og derfor er det viktig med godt arbeidslys på alle kjøkkenbenker. Spottar er ein god idé, berre pass på at dei heng slik at du ikkje lagar skuggar på benken når du jobbar. Forresten er det viktig med belysning på spisebordet. Her vil ein fin taklampe med dimmar kunne fungera perfekt. Så kan du spe på med stearinlys når du vil ha det ekstra koseleg, men samtidig sjå maten du et.

Bad
Her er downlights og god belysning rundt speglane det viktigaste å prioritera. Endå ein gong er det viktig å passa på å unngå skuggar, og dessutan refleksjon av lys i speglane.

Soverom
Her tilrår vi vegglamper med dimmer i tillegg til nattbordslamper

Be oss om hjelp
Vil du ha meir spesifikke råd for bustaden og hjelpa di til installering ta gjerne kontakt med oss for å laga ein avtale i dag.