Smarthusteknologi er i dag tilgjengeleg for langt fleire enn tidlegare. Ei god nyheit til deg som vil kutta straumforbruket, gjera huset sikrare og få ein enklare kvardag

Prisane på smarthusteknologi har no sokke så mykje at det er overkommeleg å ta i bruk òg for mange privatkundar. Dette er kjempegode nyheiter fordi denne teknologien hjelper deg å spara straum, auka tryggleik og komfort.

Kva er smarthusteknologi?
Smarthusteknologi er ein samlebetegnelse for ulike styringssystem for lys, varme, branntrygging, innbrotsikring og ventilasjon i bustader. Ved å installera teknologien kan du ved hjelp av apper og kontrollfunksjonar styra huset effektivt uansett om du er heime eller ikkje. Teknologien lèt deg enkelt kontrollera alt frå lys, varme, straumforbruk, persienner, garasjeport, kamera, ventilasjon, lyd og bilete. Dette kan du både gjera ved å sette på automatiske innstillingar, til dømes for senking av temperaturen i huset om natta eller når du er på jobb, og ved kontrollfunksjonar du kan styra via apper. Me snakkar definitivt om teknologien i framtida her, som alle bustader sakte, men sikkert vil ta i bruk.

Mogleg å halvera straumrekninga
Den viktigaste grunnen for mange installera smarthusteknologi er at ein kan spara mykje straum. Enkelte berekningar viser at om ein nyttar seg av moglegheitene som finst er det mogleg å halvera straumrekninga. Og husk, samtidig som du sparer straum aukar du både tryggleiken og komforten betydeleg. Vinn-vinn med andre ord.